Når kjærasten din glir i frå deg

Ok, nå gjør jeg det. Nå poster jeg endelig en av novellene mine på bloggen. Jeg sitter med hjertet i halsen og føler en blanding av fryd og frykt, for at det ikke er bra nok, men glad for at jeg endelig kan vise dere noe jeg er stolt av. Noe jeg også er veldig glad i, nemlig å skrive. Dette er langt fra den beste teksten jeg har skrevet, etter min mening. I tillegg har jeg skrevet den på nynorsk, så du finner sikkert en del skrivefeil, selv om jeg har prøvd å rette alt. Det er en skoletekst, altså jeg skrev den til en oppgave på skolen, men historien kom jeg på lenge før jeg fikk oppgaven, jeg bare brukte historien til den oppgaven siden det passet. Husker ikke hva oppgaven var nå, men det er ikke så viktig. Her er novellen min “Når kjærasten din glir i frå deg” fullstendig skrevet av meg, det er naturligvis ikke lov til å kopiere den og si at den er din. Jeg ble forresten ganske inspirert av musikkvideoen og sangen 1901 av Birdy..

Når kjærasten din glir i frå deg

Ho tok eit steg opp i toget på undergrunnsbana. Blikket sveipa over alle dei forskjellige folka som sat der. Alle annleis frå kvarandre. Alle satt dei der, side om side på skitne seter med grønt trekk. Nokon av dei kikka opp då det kom ein ny flom med menneske, andre flytta ikkje blikka, men hadde dei framleis tomt ut i lufta. I det ho let blikket streife frå ein gamal mann med ein alt for stor bart, til ei kvinne med eit lite barn på fanget, såg ho plutseleg han.

Plutseleg hadde ho gløymt korleis ein pusta, alt berre stoppa opp, sjølv ho, der ho sto i inngangen til undergrunnstoget. Døra hadde lukka seg for lenge sidan. Ho begynte å bli klam på heile kroppen. Det ville ikkje forundra ho om sveitteperler hadde begynt å danne seg på panna hennar. Raskt tok ho opp handa til panna for å sjekke. Nei, det var heilt tørt.

Med stive skritt snudde ho seg om og gjekk i heilt andre enden av togvogna. Ho gjekk med ryggen vendt til der han sat, og unngjekk han så mykje som muleg. Det var berre eit sete igjen på denne sidan av vogna, så ho sette seg ned der og trakk auga til seg. Så anonymt som ho klarte kikka ho ned på hendene sine der dei låg samantvinna i fanget hennar. I det korte augeblikket ho hadde sett på han, hadde han sett tilbake. Han hadde kjent igjen blikket hennar, og no visste han at ho var her, berre eit lite stykkje unna han. Med ei nervøs mine tenkte ho “Fordømt også..”

Med eit forsiktig blikk kikka ho på han over hovudet på andre passasjerar i toget. Han sat i den andre delen av toget. I sidesynet kunne ho plutseleg sjå ei gamal dame som stavra seg bortover gangen. Med eit nervøst blikk såg ho at han reiste seg og gav plassen sin bort til den, no takksame, dama. Det gjorde ho berre enda meir nervøs, ho trakk til seg auga igjen, stira nesten høl i hendene sine, ho prøvde å trekkje pusten så djupt ho berre kunne, for ikkje å røpe nervøsiteten.

Plutseleg kjende ho ein strøm av noko varmt spreie seg i heile kroppen hennar. Kvar lem i kroppen hennar blei på nytt igjen stiv og spent. Nokon hadde lagt handa si på hendene hennar. Ho kjende igjen den handa, og i det ho skjønte kven det var, kjenst det ut som heile ho skulle bli flytande, berre smelte saman og sildre bort. Forsiktig torde ho å fjerne blikket frå handa hans og hennar, og førte blikket forsiktig opp på han. Ho drukna nesten i dei sørgmodige, havblå auga hans. Dei var så blå og fylt med lys at ho var sikker på at dei kom til å renne over som ein foss. Gud, som ho sakna dei auga.

Ho sat i ein av dei gode stolane deira, omgitt av vegger med bilder av dei to, glade bilder, morosame bilder og nokon berre søte bilder. Han sat samen med ho, dei nærmast låg ved sidan kvarandre i stolen, fletta saman som om dei to berre var ein person. Dei kviskra ord til kvarandre, ord som ikkje eigentleg hadde noko meining, det var berre ord for å føle, ord frå kjærleiken.

“Veit du Johanne, du må aldri klippe håret ditt kort”, Leo såg på ho med eit kjærleg blikk då han sa det. Ho flira litt. “Neida, det skal eg ikkje gjera,” Leo hadde tvinna på håret hennar heile tida då dei låg der saman i den store, mjuke stolen. Dei lange, blonde lokkane hennar låg spreidd under hovudet hennar på puta. Dei hadde det så bra akkurat då, som om ingenting kunne gå galt. Johanne visste berre ikkje kor galt det kunne gå, når det først gikk galt.

Det var mørkt i rommet, mykje mørkare enn i andre rom, men så var det jo også meininga då. Lyskastarar heiv ut lys i alle fargar, raudt og blått og grønt. Det var som ein konstant blits. Johanne prøvde å høyre kva dei andre prata om, men musikken overdøyva dei nesten. Ho smilte breitt, lo høgt av noko ein av vennane hennar sa, og tok ein slurk av det store, kalde glaset med isbitar og sprudlande drikke i.

Ho følte eit merkeleg rush inni seg, det brukte å vere sånn når ein var ute på byen med vennane sine, med alt lyset, drikken og musikken. Johanne heldt handa om det kalde glaset sitt, ho tok ein slurk til. Ho kjende kald, herleg væske gli ned halsen hennar, men det kom ikkje berre frå drikken. Heile kroppen hennar vart fylt av ein herleg følelse som fikk ho til å ville danse og le heile natta om så.

Auga hennar kvilte så vidt på kjærasten hennar, Leo, som satt overfor henne eit lite stykke bort. Smilet hennar falma litt, han såg ikkje ein gong på ho. Ho rykka nesten til då ho såg han lo av noko ei av jentene rundt han sa. Jenta hadde lent seg inn mot han, halde begge armane rundt hans og sett opp på han med flørtande auge. Leo sat der og gliste, han visste sikkert ikkje kva han gjorde sjølv ein gong.

Johanne tok blikket bort igjen, kvilte det heller på ein av vennane sine som akkurat no var midt i ei historie. No klarte ho visst ikkje smile like breitt lengre, heile kvelden var øydelagt. Til slutt orka ho ikkje meir. Ho unnskyldte seg til vennane sine, sa ho plutseleg var veldig trøytt og reiste seg. “Eg går heim, Leo”, ho sa det med en låg stemme, ho brydde seg eigentleg ikkje om han høyrte ho.

Ho gjekk bortover fortauet, dei høye hælane på skoa hennar klimpra i bakken kvar gong ho sette foten ned. “Hei, kvar er du på vei hen?” Johanna stoppa, men snudde seg ikkje, ho sto framleis med ryggen mot Leo då han kom mot ho. Han la handa si på skuldra hennar. “Eg veit ikkje eg. Kor vil du eg skal vere hen, Leo?” spurde Johanne, og snudde seg mot han, ho såg han framleis ikkje inn i auga. “Eg vil du skal vere her, med meg, sjølvsagt,” Johanne kunne sjå forvirring i auga hans og ho kjende eit frykteleg vondt i magen.

Ho trakk pusten djupt. “Eg trur ikkje det er så lurt, Leo. Eg trur ikkje dette er noko lurt i det heile tatt.” “Kva pratar du om?” No såg Johanne han inn i auga. “Eg har begynt å tvile Leo, detta er ikkje sånn som det skal vere, eg trur det er best om eg berre bor ein annan stad,” Leo sa ikkje eit ord. Han var heilt stum. “Kva pratar du om, du har ikkje tenkt til å flytte? Vent litt, seier du at det er slutt?” Johanne gret nesten, ho kjende tårane pressa på. Leo strekte ut armane sine, som om han skulle gå fram for å halde ikring henne. Han gjorde ikkje det, han berre slapp armane rett ned igjen. “Nei, ikkje gjer det, Johanne, ikkje sei det,” Johanne berre nikka. “No går eg Leo, eg er så veldig lei meg.» Blikket hennes flakka fram og tilbake, så blunka ho berre tårane bort og gjekk sin veg, det gjorde for vondt å gjere noko meir. Leo kom ikkje etter ho.

Ho ensa så vidt omgivnadene, ho hadde fullstendig gløymt at ho satt på eit grønt, hardt sete i eit rullande undergrunnstog med mange andre passasjerar rundt seg. Johanne såg berre på Leo, der han sto bøygd rett over ho, med det snille smilet og dei mjuke henda. Leo tok handa opp frå hendene hennar og strauk over håret hennar. “Eg skulle ønskje eg kunne tvinne på håret ditt igjen”, han strauk nedover det korte håret igjen. Ho hadde klipt det likevel, då ho drog frå han. Ho hadde klipt det heilt kort.

Framleis sa ho ingenting, ho berre studerte andletet hans. Studerte det mørke håret som ei krone på hovudet hans, såg på da ein kort lokk falt ned over auga hans og han tok opp handa og strauk han på plass igjen. Sånn fortsette det, dei såg berre på kvarandre, ingen sa noko, ikkje eit ord. Til han braut stillheita igjen. “Kom, bli med meg heim, la oss prate”, han tok tak i handa hennar og fletta saman fingrane deira. Johanne såg rundt seg, toget hadde stoppa, folk gikk ut av døra, det hadde ho ikkje lagt merke til. “Eg veit ikkje..”, det var det fyste ho sa. Eg veit ikkje.. Det var alltid sånn med ho, ho var den som ikkje var sikker, ho var den som alltid tvila. Og no, etter at han hadde komme tilbake til ho så var det akkurat det ho måtte seie då også.
Ho såg skuffelsen velle opp i auga hans igjen, ein kunne sjå alt i auga hans, dei var som ei open bok. Så ho bestemte seg, ikkje meir tvil, ho skulle la han få visa veg. “Ok, eg blir med”, ho prøvde seg på eit lite smil også, tvilen råda framleis oppe i tankane hennar, men mykje, mykje mindre. Ho skulle bestemme no. “Ja, eg gleda meg til å sjå korleis du har det”, no vart det mykje enklare å smile, det kom berre av seg sjølv. Også gikk dei ut av toget og opp trappane opp til over jorda. Hand i hand, på veg heim igjen.

Av Martine Jensen Skaret

Hva syntes du? Jeg døøør etter å høre deres mening! Vil du  lese flere av novellene mine?

8 Comments

  1. Dette var fint, synes jeg. Personlig blir jeg litt kvalm av ord som “kjæreste” og “kjærlighet”, vet ikke hvorfor, kanskje jeg bare er lei av det. Men, du hadde så nydelige beskrivelser av alle tingene og menneskene og alt, så jeg ble litt bergtatt. Kunsten med å skrive om kjærlighet (og lunken kjærlighet) er å beskrive den med andre ord og bilder, og det synes jeg du har klart på en fantastisk måte! 🙂 Klarte ikke helt å få grep om slutten, men det gjorde i grunnen ingenting.

    Jeg er en stor fan av nynorsk, og det at teksten var på nynorsk gjorde at den i mine øyne ble enda bedre. Alt i alt var dette kjempebra. Takk for en fin leseopplevelse, håper virkelig at du vil dele flere av skriveriene dine etter hvert 🙂

    1. Tusen takk for tilbakemelding! Er bra med konstruktive tilbakemeldinger, for da kan jeg gjøre noe med det 😀 Jeg er også veldig glad i nynorsk! Og syntes mange tekster bare “kler” nynorsk veldig godt.

  2. Veldig fint skrevet, syns du formidler følelser veldig godt og du har et språk som gjør det behagelig å lese. Stemningsfullt og skjønt 🙂 Og når man skriver om temaer som kjærlighet er det veldig lett å ende opp i klisjéland, men jeg syns du klarer den balansegangen veldig fint!

  3. det er den beste nynorskteksten jeg har lest, sånn serr. jeg pleier å være sånn “NYNORSK?! da er det IALLEFALL shit..”, men denne likte jeg godt.

    Men nå ser jeg bort fra nynorsken og heller på de andre tingene som gjør denne teksten så levende. Alle beskrivelsene, for eksempel. du har alltid så utrolige beskrivelser. Som “Dei var så blå og fylt med lys at ho var sikker på at dei kom til å renne over som ein foss.”.

    Den burde du være stolt over! ahaha.

    Også det med at hun klippet håret kort. det er en fantastisk greie. Kan tolkes på mange måter. for eksempel at det er et symbol på begynnelsen og slutten? nå som hun har kort hår sparer hun det om de blir sammen igjen?

    Det er så mange ting jeg har lyst å si men ikke orker å skrive fordi jeg er lat. Men jeg vil nevne en ting til. Det er noe for meg som gjør at denne teksten for meg er så fantastisk: Jeg kjenner igjen din “skrift”. Den jeg husker så godt helt siden 6.klasse. Din signatur liksom. Den jeg har savnet så utrolig lenge. Sånn som

    “I det ho let blikket streife frå ein gamal mann med ein alt for stor bart, til ei kvinne med eit lite barn på fanget, såg ho plutseleg han.”

    Det er noe med det der som får meg til å tenke på da vi gikk på barneskolen. Det er ett eller annet Harry Pottersk med akkurat den beskrivelsen som får meg til å le litt for meg selv der jeg sitter i stolen min på rommet og leser. Den minner meg slik om barneskolen. og 8.klasse for den saks skyld. Egentlig, minner den meg om da jeg bodde i Bodø med alle folka.

    Gleder meg til du kommer!

    Lyra c:

  4. Hihi, jeg pleier også å “ha klar en tekst” når det er skrivedag/tentamen. Og forunderlig nok passer den nesten alltid med en av oppgavene vi får…er ganske fascinerende, syns jeg!

    Føler jeg er litt enig med Lyra, nynorsk er jo fint og sånn, men når jeg skal lese en nynorsk novelle av skoleelever er jeg alltid litt sånn ååh..for ingen liker egentlig nynorsk (eller? Gjør du? Jeg elsker egentlig nynorsk, jeg). Point being: Dette var knallbra, flinke, flinke deg!!! Ble ikke så rent lite imponert, jeg. Alt hang liksom sammen. Ser at setningene er valgt ut og ordene og alt. Så brabrabra!! Levde meg veldig inn i det, syntes den også var litt trist. Men fin. Mest fin. Og beskrivelsene dine er jo helt magiske. Tror nok det ble en passelig bra karakter på den der, da eller?! Hihi 😀

    OH YES, FLERE NOVELLER, TAKK! <3

Del gjerne dine tanker